Kategorier
Uncategorized

19.2 – 2013: Karsten Alnæs anmelder den nye filmboka mi i «Dag og Tid»: «Filmmagi i mørkret»

Fra Dag og Tid, 15. Februar 2013

Karsten Alnæs:

Filmmagi i mørkret

Jon-Roar Bjørkvolds perspektiv på filmsoga kan utvide horisonten til alle som er fascinert av filmmagien.

SAKPROSA

Jon-Roar Bjørkvold: … som forandret verden. 90 år med musikk og kvinner i film. FREIDIG FORLAG 2012

 Jon-Roar Bjørkvold har med denne boka skrive ei original filmsoge, der han tek for seg 159 filmar. I korte trekk rissar han opp handlinga i filmane, presenterer kvinnene i hovudrolla og filmkomponistane og klårgjer korleis musikken verkar.

I fyrste del av boka introduserer han dei viktigaste tonesetjarane og hevdar at då dei forma det kommersiell lydlandskapet, var dei, ut frå den rolla filmen som medium kom til å spela, også med på å forma identiteten vår. Her er forfattaren på heimebane. I 1988 gav han ut boka Fra Akropolis til Hollywood. Filmmusikk i retorikkens lys, som var ei openberring for medlemmene den gongen forfattaren sjølv la ut om ideane sine på eit seminar under filmfestivalen i Tromsø på 1990-talet. Desse tankane gjennomsyrer også denne boa og vil utvide horisonten til alle dei som er fascinerte av magien på den kvite filmduken.

 

AMERIKANSK OVERVEKT

Meir enn halvparten av filmane Bjørkvold tek for seg, er frå USA. Elles presenterer han mange klassikarar, mellom dei Chaplins The Kid (1921) og Modern Times (1936), Joseph von Sternbergs Die blaue Engel (1930), Michael Curtiz’ Casablanca (1942), Howard Hawks The Big Sleep (1946), Guiseppe de Santis’ Riso Amaro (Bitter ris) (1949), Fred Zinnemanns High Noon (1952), Ingmar Bergmans Sommaren med Monica (1953), Federico Fellinis La Strada (1954), Roger Vadims Et Dieu crea la femme (Og Gud skapte kvinnen) (1956), S. Djerevjanskijs Damen med hunden (1960), Jean Luc Godards À bout de souffle (1960), Claude Lelouchs Un homme et une femme (1966), Bo Widerbergs Elvira Madigan (1967), Sergio Leones Once Upon a Time in the West (1968), Milos Formans One Flew over the Cuckoo’s Nest (1975), Rainer Fassbinders Die Ehe der Maria Braun (1979), Volker Schlödorrfs Die Blechtrommel (1979) og eit rikt utval av kunstnarlege blinkskot frå 1980- og 1990-åra, ja, heilt fram til 2009. Ved sida av klassikarane har Bjørkvold også teke med nokre norske storfilmar og ein del spanings- og underhaldningafilmar.

Filmane er valde ut fordi forfattaren er fascinert av dei, og fordi ei kvinne blendar oss i hovudrolla, anten det no er Claudia Cardinale, Meryl Streep, Mia Farrow, Jelena Sofonova, Marlene Dietrich, Julia Roberts, Penélope Cruz eller Harriet Anderson som kjem oss nær i den mørke kinosalen. Bjørkvold presenterer dei med eldhug og kjærleik, dessutan gjev han att handlinga så noggrant at dei som har sett filmane, vil kjenne seg att, medan dei som ikkje har gjort det, får eit levande og godt journalistisk poengtert referat.

 

UHØYRD MUSIKK

Likevel er det filmmusikken som spelar fyrstefiolin. Gudfaren mellom musikkmakarane, Max Steiner (1888-1971), skaparen av musikken til Gone with the Wind (1939) og Casablanca (1942) er sjølsagt med, det same gjeld Dimitri Tiomkin som tonela udøyelege High Noon (1942) og den sitrande The Guns of Navarone (1957). Men også eit velvalt knippe av mange andre nybrotskomponistar får lyd og meining, både gjennom eit møte i innleiinga og endå nærare i gjennomgangen av den einskilde filmen, der musikken av og til er uhøyrd, det vil seie at han glid slik inn i handlinga at vi knapt merkar han, medan han i andre høve vekkjer oss slik at vi hugsar han for alltid, nynnar han og lèt oss føre med av han.

Av og til syner Bjørkvold korleis musikken kan vere kontrapunktisk og opptre i opposisjon til temaet, andre gonger forsterkar musikken bodskapen eller atmosfæren i filmen. For fyrst og fremst meiner Bjørkvold at musikken er medspelar, til dømes i den eminente gjennomgangen av Nino Rotas melodiøse og vemodige musikk i Fellinis La Strada (1954), som skaper ein samanheng i den umoglege trekanten som filmen handlar om, og som tonar fram som eit ekko frå dødsriket der den kvinnelege hovudpersonen i Guiletta Masinas skapnad er bortvist mot sin vilje.

 

GRET AV ELVIRA

Elles kan Bjørkvold slå til med bravur og kraft som når han vedgår at han gret den gongen han såg Pia Degermark i rolla som Elvira Madigan falde ut av armane for å fange eit fivrelde på haustenga nett før ho vart skoten, og han samstundes høyrde den mektige musikken til Mozart tone ut. I dag græt han ikkje lenger, men sukkar både over Mozart og regissøren Widerberg som ikkje skjøna seg på filmmusikk. Eg vedgår at eg er samd med han, utan ein flik av kunnskapen hans. Derimot les eg boka hans som ei levande kulturhistorie frå den filmverda eg har vore fascinert av, både som vanleg tilskodar og som filmmeldar i mange, mange år. Det trur eg mange med meg vil gjere.